På stjerna i Lyskapellet slynger det seg vin rankar, fulle av druer. Stjerna peikar mot Jerusalem og Kirsten Rostbøll forklarar at druene er på veg for å forvandlast; perses til vin, eller most til vin. Men druene i Lyskapellet slynger seg i motsett lei; frå stammen i midten av glaset og ut i rommet. Retninga mot Jerusalem er skjult; mystisk retning.
Det flotte med livet skapt av Gud, gjenoppretta av Jesus Kristus er at den Gudommelege verknad går både gjennom å mognast og å verta most! Skaparen Gud har lagt modninga ned i skaparverket. Slik 1. mosebok fortel om ein prosess frå å vera frø til moden fukt som igjen set frø – lukkeleg er den som får leva eit liv i pakt med Guds skapingsprosess på denne måten!
Mindre lukkelege kjenner vi oss når vi mot vår vilje blir most. Ting blir øydelagde på alle stadie i livet! Ingen unngår sår som vi alltid bær med oss arret etter. Det er ikkje noko merkeleg at druenes veg til Jerusalem er usynleg for auge! Det er eit mysterium at noko godt kan komme av det øydelagde, og det er eit håp! Sjølv det øydelagde kan i Guds hender bli til edel vare; ikkje berre mogne druer; men og mogen vin.